top of page

Forprosjektrapport II

  • Mathan
  • 16. feb. 2017
  • 1 min lesing

Møte 3 13:00-16:00 Grupperom Haarklou

I dag samlast vi til møte for å fullføre forprosjektrapporten. Hatem følte seg sjuk, men han klarte å komme seg til skulen likevel, og det satte Paul og Mathan pris på:). Ved hjelp av å skrive på google docs, vart dette effektivt, og vi kunne redigere og skrive tekst samtidig. Dette kunne alle tre gjere, på det same dokumentet, og soleis gjekk det mykje fortare.

Etter å ha skrive det ferdig, las vi gjennom det ein gong. Då vart det som i alle tilfeller, litt meir korrektur i teksten, men vi endte med å fullføre teksten i dag. Med informasjonen som Paul fekk over mail, so er han no ganske sikker på kva han skal jobbe med, og vi fekk spesifisert oppgåva. Vi skreiv dette og i forprosjektrapporten som vi leverte inn.

Etter vi vart ferdige, merka vi at vi er ganske klare med å begynne skikkeleg med oppgåva, so dette ser bra ut (i hvert fall i denne augneblink!)


 
 
 

Kommentare


Høgskulen på vestlandet.

© 2017, med stolthet laga med Wix.com

bottom of page